Halebeinsmerter

Visste du at halebeinet kan skadast ved t.d fall eller fødsel? Mange som har bekkenleddproblematikk har faktisk halebeinsmerter. Halebeinet er ei forlenging av bekkenet, og er ein trekanta liten knokkel som dannar avslutninga på ryggsøyla vår. Det ser nesten ut som eit litt krumma nebb til ein gjøkunge. Halebeinet fungerer som ei vektstang i bekkenbunnen og gir oss eit angrepspunkt for å få betre tak i bekkenbunnsmuskulaturen. Halebeinsmerter er ganske karakteristiske ved at du kjenner smerte på eit bestemt punkt. Mange kjenner ei skjerande og vedvarande smerte når dei sit og når dei skal røyse seg. Det er fleire kvinner enn menn som har halebeinsmerter, men ein ser ei auke hos fleire menn. Nokre får smertene ved fall, ein fødsel, repeterande stress ved at ein sit meir og det aukar trykket på halebeinet, friksjon av nervar, eller som refererte smerter frå bekken og rygg. Hos nokre går smerta over etter nokre veker, medan andre må få hjelp. Har du hatt smerter i meir enn tre veker anbefalast det at ein tek kontakt med nokon som kan halebeinsmerter. Dersom det gjeld deg er det berre å ringe meg:)

Legg igjen en kommentar