
«Smerte er ei ubehagleg sensorisk og emosjonell oppleving som følge av faktisk eller potensiell vevsødelegging. Smerte er alltid subjektivt. Smerte er eit samansett fenomen som styrast av fysiske, psykiske, sosiale, kulturelle og eksistensielle forhald». Kroppen vår fungerar som eit maskineri og nokre gongar er det noko som skjer i hjerna, nervebane eller i vev som gjer at vi får smerte. Nokre gongar er denne smerta kortvarig og andre gongar er den langvarig og blir verande. Eg har vore på foredrag med Morten Høgh og dersom du har smerte vil eg anbefale deg å høyre på podkasten Smertevejleder. Det som er viktig er korleis ein kan leve med dei smertene som ein har. Det å kunne flytte fokus slik at ein kan oppleve glede og meistring er viktig. Painmanagement blir det ofte kalla på engelsk, medan vi på norsk ofte kallar det smertehandtering.
Det som går igjen er at ein skal ha fokus på:
Positive opplevingar
Lære om kroppens funksjonar
Akkseptere den situasjonen ein er i
Planlegge for gode og dårlege dagar
Lytte til kroppen
Sjå på moglegheitsrommet ein har
Fokus på fysisk aktivitet
Fokus på glede
Fokus på kosthald
Fokus på Stressreduksjon
Lære ulike verktøy som ein kan nytte i kvardagen
Vil du lære meir så er det berre å ta kontakt for meir informasjon:) Lag deg ein god dag
Effekt av bekkenbunnstrening hos overlevande av gynekologisk kreft.
Om ein har hatt kreft i underliv så er det ganske vanleg at ein og opplev bekkenbunns og seksuelle dysfunksjonar. Det er forska på kva som kan hjelpe denne pasientgruppa og kva som har effekt for å få ein betre kvardag. Det er fleire faktorar som spelar inn her. Ein har sett at det kan…
På flyttefot
Så var dagen komen der eg no har flytta frå Fyllinggården og inn til Plexus helse. Det er gøy og rart på same tid. Eg har kosa meg stort på Fyllinggården og hatt verdas beste utsikt og kjekke samarbeidspartnarar der, men no går altså vegen vidare til den kjekke gjengen på Plexus og ei draumeutsikt…
Forandring Fryder
Forandring Fryder seiast det og for meg så gjer det faktisk det😊 Framover blir det litt endring i åpningstider og kontorplass. Eg er så heldig at eg skal få vere seksjonsleiar for gynekologisk poliklinikk ved Ålesund Sjukehus i eit års tid og eg gler meg til å starte der allereie i morga. Da kvinnehelse og…


Legg igjen en kommentar