Vulvodyni og Vaginisme

Photo by Dainis Graveris on Pexels.com

Vulvodyni er ein samlebetegnelse for det vi kallar vulvasmerter eller underlivssmerter. Ofte blir det beskrive som brennande eller sviande smerter i underlivet. Vulvodyni er ei eksklusjonsdiagnose og ein må difor utelukke andre kroniske smerter først. Ein delar det inn i lokalisert vuovodyni og generalisert vulvodyni. Lokalisert vulvodyni er når ein har smerter i vestibulum eller klitoris. Det er vanlegvis provoserte smerter, men kan og vere ikkje provosert eller blanda type. Generalisert vulvodyni er når ein har smerter i heile eller store delar av vulva. Det er gjerne eit diffust smertemønster som ofte involverer pudendalnerven. Vanlegvis så er dette ikkje provoserte smerter.

Vulvodyni er den hyppigaste årsaken til smerter under samleie hos premenopausale kvinner. Og det rammar ca 10-15% av alle kvinner i løpet av livet. Mange går med smerter i underlivet utan å snakke høgt om det. Om du har slike plager så ta kontakt med fagfolk. Det er viktig at ein får hjelp slik at kvardagen kan bli betre. Mange synast det er vanskeleg å vite forskjellen på vulvodyni og vaginisme da ein tenker at det er ein av samme sak. Vaginisme er vedvarande eller tilbakevendande vanskar med vaginal penetrasjon der ein har ei føling av vaginal trangheit og tørrheit. Begge desse skapar ein dysfunksjon i bekkenbunnsmuskulaturen som gir ei lavare smertegrense for trykk, auka muskulær kviletonus og med nedsatt avspenning og kontraksjonsevne. Med andre ord vaginisme og vulvodyni påvirkar underlivet og muskulaturen i bekkenet og ein er meir følsom for trykk og har lettare for å gå å spenne muskulaturen og klarar ikkje å slappe av.

Den Gode nyheita her er at fysioterapi har god dokumentert effekt. Det er ei mjuk tilnærming og bør ofte vere førstevalget. Mange lurer på kva ein gjer med ein fysioterapeut som har kompetanse på dette. Ein foretek ein vaginal undersøking der ein kjenner på bekkenbunnsmuskulatur og ein går gjennom bekkenbunnsøvingar. Det er ulike måleredskap ein kan nytte når ein tar slike undersøkingar. Ofte går ein gjennom tøyeøvingar ein kan gjere. Mange får og råd om å bruke dillator eller elektroterapi. Sjekk gjerne ut quintet for å lese meir om dette. Og ein har fokus på avspenning. Ynsker du å høyre meir om dette så er det berre å ta kontakt:)

På flyttefot

Så var dagen komen der eg no har flytta frå Fyllinggården og inn til Plexus helse. Det er gøy og rart på same tid. Eg har kosa meg stort på Fyllinggården og hatt verdas beste utsikt og kjekke samarbeidspartnarar der, men no går altså vegen vidare til den kjekke gjengen på Plexus og ei draumeutsikt…

Keep reading

Underlivsprolaps

Prolaps er noko vi ofte assossierar med nakke og rygg, men ein kan og få det i underlivet. Underlivsprolaps er framfall av blære, livmor eller tarmar. Ein kjenner da ein kul/utbuling som kjem inn i skjeden eller ut av skjedåpninga. Nokre kan kjenne denne heile tida, medan andre kjenner det når dei trykker når ein…

Keep reading

Overgangar

I år har eg 3 flotte ungdommar som er ferdig med barnskule, ungdomsskule og vidaregåande. Det er stas. Dei er klare for nye eventyr og gler seg til sommarferien. Så veit dei at etter ferien skjer det noko nytt og spanande. Noko ukjend. Det har fått meg til å tenke litt på nettopp dette med…

Keep reading

Legg igjen en kommentar