
Gleda over to strek på graviditetstesten er ofte stor. Ei endring skal skje både på familieplanet men og i eigen kropp. Nokre har eit supert svangerskap utan plagar, medan andre har ei eller fleire plagar. Bekkenleddsmerte går ofte igjen som ei plage, og det er ca halvparten av alle gravide som opplever rygg og bekkensmerter under graviditet. Internasjonalt rapporterast det at det er ca 20% som har bekkenleddsmerter under svangerskapet. Mange har da smerter framme og bake i bekkenet samt i korsryggen, når dei går, endrar stilling og når ein skal inn og ut av bil. Nokre kjenner smerta på eit bestemt punkt medan andre kan ha utstrålande smerter. Ein veit i dag at det er mange grunnar for at ein kan få smerter i bekkenet som td hormonpåvirkning frå relaxin og progestron, auka vekt, auka spenningsmønster, avvergestilingar og stress. Mange går å strammar muskulatur utan at ein veit om det. Vi veit i dag at det er viktig med aktivitet og tøyeøvingar samt styrketrening av bekkenbunnsmuskulatur, og ikkje minst avspenning. Ein må tilpasse aktiviteten utifrå der ein er, men det anbefalast at ein har 150 minutt med moderatintensitets aktivitet kvar veke. Det vil seie ca 20-25 min kvar dag. Sjå på det som ei egeninvestering. Finn gode øvingar som du kan gjere heime, få frisk luft kvar dag og ta deg tid til avspenning og pust i kvardagen. Lykke til:) Ta gjerne kontakt om du har smerter i bekkenet.
Effekt av bekkenbunnstrening hos overlevande av gynekologisk kreft.
Om ein har hatt kreft i underliv så er det ganske vanleg at ein og opplev bekkenbunns og seksuelle dysfunksjonar. Det er forska på kva som kan hjelpe denne pasientgruppa og kva som har effekt for å få ein betre kvardag. Det er fleire faktorar som spelar inn her. Ein har sett at det kan…
På flyttefot
Så var dagen komen der eg no har flytta frå Fyllinggården og inn til Plexus helse. Det er gøy og rart på same tid. Eg har kosa meg stort på Fyllinggården og hatt verdas beste utsikt og kjekke samarbeidspartnarar der, men no går altså vegen vidare til den kjekke gjengen på Plexus og ei draumeutsikt…
Forandring Fryder
Forandring Fryder seiast det og for meg så gjer det faktisk det😊 Framover blir det litt endring i åpningstider og kontorplass. Eg er så heldig at eg skal få vere seksjonsleiar for gynekologisk poliklinikk ved Ålesund Sjukehus i eit års tid og eg gler meg til å starte der allereie i morga. Da kvinnehelse og…


Legg igjen en kommentar