
Nokre menn brukar lang tid før dei tar opp intimeproblem med helsepersonell. Reform har fokus på at menn skal bli flinkare til å ha fokus på eigen helse. Reformundersøkinga frå 2020 viste at 15% av menn ikkje har noko å betru seg til i familien, og at 24% av menn ikkje har venar å betru seg til. Difor er dagens oppfordring å sette ord på ting som er vanskeleg enten til ein venn, familiemedlem eller helsepersonell.
Quintet har akkurat lansert ein ny behandlarveiledar for menn med urinlekkasje. Dei skriv :» Bekkenbunnen skal gi støtte til organene dine, og holde på urin, avføring og luft samt slippe disse til riktig tid. For at bekkenbunnen skal kunne utføre alle sine oppgaver må den være sterk, men også ha god avspenningsevne. En velfungerende bekkenbunn skal være helt smertefri.»
Inkontinens betyr manglende evne til å holde på urin, avføring eller luft.
Det er fire ulike inkontens det er snakk om:
- Stressinkontinens («Anstrengelseslekkasje») – lekkasje under fysisk stress som tunge løft eller hosting. Hos menn skyldes stressinkontinens som regel fjerning av prostata eller annen kirurgi i bekkenet.
- Urge-inkontinens («Hastverkslekkasje») – økt trang og hyppighet, noen ganger lekkasje når man ikke rekker frem til toalett i tide. Kan for eksempel skyldes nevrologisk sykdom, men ofte er årsaken ukjent.
- Overflow-inkontinens Ved for eksempel forstørret prostata eller andre hindringer kan lekkasje oppstå når blæren er full og urinen «renner over».
- Analinkontinens Inkontinens for avføring eller luft kan skyldes for eksempel svak bekkenbunn eller kirurgiske inngrep. Bekkenbunnstrening hjelper når det er svak bekkenbunn som er årsaken til lekkasjene – for eksempel menn med stressinkontinens og analinkontinens. En sterk bekkenbunn er også viktig for seksuallivet.
Forekomsten av urinlekkasje er ca 2% hos menn i alderen 45-64 år og ca 5% i gruppa over 65 år.
Det er ulike måtar å trene bekkenbunn på og det fins og mange gode hjelpemiddel for ein kan benytte seg av. Sjekk gjerne Quintet si fine brosjyre der dei går gjennom ulike stillingar og teknikkar for å trene bekkenbunn. Ta gjerne kontakt om du ynskjer meir informasjon.
Effekt av bekkenbunnstrening hos overlevande av gynekologisk kreft.
Om ein har hatt kreft i underliv så er det ganske vanleg at ein og opplev bekkenbunns og seksuelle dysfunksjonar. Det er forska på kva som kan hjelpe denne pasientgruppa og kva som har effekt for å få ein betre kvardag. Det er fleire faktorar som spelar inn her. Ein har sett at det kan…
På flyttefot
Så var dagen komen der eg no har flytta frå Fyllinggården og inn til Plexus helse. Det er gøy og rart på same tid. Eg har kosa meg stort på Fyllinggården og hatt verdas beste utsikt og kjekke samarbeidspartnarar der, men no går altså vegen vidare til den kjekke gjengen på Plexus og ei draumeutsikt…
Forandring Fryder
Forandring Fryder seiast det og for meg så gjer det faktisk det😊 Framover blir det litt endring i åpningstider og kontorplass. Eg er så heldig at eg skal få vere seksjonsleiar for gynekologisk poliklinikk ved Ålesund Sjukehus i eit års tid og eg gler meg til å starte der allereie i morga. Da kvinnehelse og…
Underlivsprolaps
Prolaps er noko vi ofte assossierar med nakke og rygg, men ein kan og få det i underlivet. Underlivsprolaps er framfall av blære, livmor eller tarmar. Ein kjenner da ein kul/utbuling som kjem inn i skjeden eller ut av skjedåpninga. Nokre kan kjenne denne heile tida, medan andre kjenner det når dei trykker når ein…
Overgangar
I år har eg 3 flotte ungdommar som er ferdig med barnskule, ungdomsskule og vidaregåande. Det er stas. Dei er klare for nye eventyr og gler seg til sommarferien. Så veit dei at etter ferien skjer det noko nytt og spanande. Noko ukjend. Det har fått meg til å tenke litt på nettopp dette med…
Tilhøyrigheit
Å føle tilhøyrigheit vil seie at ein høyrer til ein plass. Ein plass det er godt å kome til. Ein trygg plass der ein er akseptert for den ein er. Sidebrok syng om det i songen Heimegut og Guro Sibeko skriv om det i diktet «Vår hær». Vi kan føle tilhøyrigheit til ein eller mange…
Trening i svangerskapet.
Mange av mine pasientar som er gravid lurer på korleis dei kan trene i svangerskapet. Det florerar av ulike råd og tankar om nettopp dette temaet. WHO anbefalar 150-300 minutt med moderat til intens aktivitet i veka hos vaksne personar, samt at ein reduserar stillestitting med kvardagsaktivitetar. Når det gjeld trening i svangerskapet må ein…
Kva gjer ein fysioterapeut som jobbar med kvinnehelse og bekkenbunn
Fysioterapeutar jobbar med kropp og beveging for å fremme god helse. Ein fysioterapeut forebygg og behandlar skadar og sjukdommar som gir smerter og nedsatt funksjon i muskel og skjelettsystemet. Behandlinga er basert på undersøking og vurdering av pasienten sitt problem og kva pasienten sjølv ynskjer hjelp til. Målet er at pasienten kan utvikle , gjenvinne…
Graviditet og bekkenleddsmerter
Gleda over to strek på graviditetstesten er ofte stor. Ei endring skal skje både på familieplanet men og i eigen kropp. Nokre har eit supert svangerskap utan plagar, medan andre har ei eller fleire plagar. Bekkenleddsmerte går ofte igjen som ei plage, og det er ca halvparten av alle gravide som opplever rygg og bekkensmerter…


Legg igjen en kommentar