Overgangsalder

Photo by luizclas on Pexels.com

Kanskje har du høyrt sitatet : » Menstruation, Menopause, Mental Breakdowns all starts with men. Its funny how all womens problem begin with men». No er eg usikker om dette stemmer, men det som stemmer er at gjennomsnittsalderen for overgangsalder er 52.9 år i Noreg. Hos nokre kan det vere mellom 40-45 år, og 2% får det før dei er fyllt 40 år. 80% av kvinner får hetetokter. Andre kjende plager ein kan ha er søvnvanskar, humørsvingingar, kognitive vanskar og osteoporose. Ofte kan mange synast at det er litt slitsomt å kome i overgangsalderen, ja kanskje og litt flaut. Overgangsalderen er heilt naturleg og noko vi må gjennom. Så ikkje snakk deg ned men gå med heva hovud og rop det gjerne ut slik at vi kan normalisere det. Ein er ikkje B-vare om ein har kome i overgangsalderen.

Vi veit i dag at kjønnshormon påvirkar hjerna vår. Da ein begynte å forske på østrogen var ein i ein periode skeptisk til å gi østrogentilskudd grunna økt kreftfare. I dag har ein forska mykje på østrogen og korleis den påvirkar kroppen vår. Ein har sett på at østrogennivået tidoblar seg i første delen inn mot eggløsning og at vi i den perioden har lavare kroppstemperatur, søv betre og tolar stress i større grad både fysisk og psykisk. Når vi kjem i overgangsalder så går østrogenproduksjonen ned, og forskninga er litt delt her. Den eine sida meinar at det kan vere lurt å starte med østrogen før overgangsalderen startar slik at ein beheld østrogennivåetpå eit jamnt nivå. Den andre sida seier at østrogentilskot ikkje har vist effekt på dei kognitive symptoma men at det kan påvirke søvnen noko. Det begge sidene er enige om er at livsstilendring er viktig. Det å ha fokus på søvn, stryketrening og kosthald og ikkje minst å ha fokus på avspenning og pust for å redusere indre stress må til. Vi kan gjere gode investeringar i eiga helse med å ha fokus på dette.

Kroppen vår er fantastisk og kompleks. Østrogen stimulerar også serotonin og dopamin. Serotonin er eit singnalstoff og får oss til å føle oss glade, fokuserte og stabile. Serotoninet spelar og ei rolle for kor godt og kor lenge vi sover. Mangel på serotonin er knytt til nedstemtheit, depresjon og angst. Dopamin er og eit signalstoff og gir oss driv og vi opplever belønning når vi har oppnådd målet med det vi driv med. Vidare har dopamin betydning for hukommelsen vår og korleis vi huskar. Forstyrringar i dopamin er knytt til hjernesjukdom. Vidare har ein progesteron og kortisol. Østrogen påvirkar og hjernestammen som regulerer søvn/våkenhet, hippocampus som regulerer læring, husk og orientering og amygdala som regulerer følelsar og sosial adferd.

Guri Majak har skrive artikkelen den hormonelle hjernen. Klikk her om du ynskjer å lese meir om dette. Ho seier det så fint at overgangsalderen er ein omstillingsprosess, men ein prosess der ein kan støtte opp om det som skjer på ein god måte. Og husk det går over:)

På flyttefot

Så var dagen komen der eg no har flytta frå Fyllinggården og inn til Plexus helse. Det er gøy og rart på same tid. Eg har kosa meg stort på Fyllinggården og hatt verdas beste utsikt og kjekke samarbeidspartnarar der, men no går altså vegen vidare til den kjekke gjengen på Plexus og ei draumeutsikt…

Underlivsprolaps

Prolaps er noko vi ofte assossierar med nakke og rygg, men ein kan og få det i underlivet. Underlivsprolaps er framfall av blære, livmor eller tarmar. Ein kjenner da ein kul/utbuling som kjem inn i skjeden eller ut av skjedåpninga. Nokre kan kjenne denne heile tida, medan andre kjenner det når dei trykker når ein…

Overgangar

I år har eg 3 flotte ungdommar som er ferdig med barnskule, ungdomsskule og vidaregåande. Det er stas. Dei er klare for nye eventyr og gler seg til sommarferien. Så veit dei at etter ferien skjer det noko nytt og spanande. Noko ukjend. Det har fått meg til å tenke litt på nettopp dette med…

Legg igjen en kommentar