
For meg er jula forbundet med hygge, kos, familie og vener. Eg gler meg over at det er litt kvit snø utanfor og at vi skal ha nokre dagar med eit avbrekk frå kvardagslivet. Slik er det desverre ikkje for alle. Sunnmørsposten skriv at 45% av menneske i Møre og Romsdal grur seg ekstra til jul i år grunna økonomi, og tall frå organisasjonen «Av og til» viser at 90 000 barn veks opp med ein mamma eller pappa som drikk for mykje og som gjer at dei ikkje gler seg til jul. Og nokre har sjukdom som gjer at kvardagen kan vere vanskeleg. I slike tider tenker eg at det er ekstra viktig at vi viser medmennesklegheit og venlegheit til dei rundt oss. Eit smil kostar så lite, og ordtaket «Den største gleda ein kan ha, er å gjere andre gla» har mykje i seg. Det skjer så mykje fin inkludering for andre på julaften både i privat regi og organisasjonar som arrangerar felles julekveldar. Eg håpar vi alle kan vere litt ekstra rause og inkluderande denne jula. Og med dette vil Femina Fysioterapi ynskje deg ei god og velsigna julehøgtid som eg håpar fyllast med glede, opplevingar og fine turar i nærområdet. Skulle du eller nokon du kjenner ha behov for fysioterapi i juleferien så har eg ope onsdag, torsdag og fredag i romjula. Så det er berre å ringe eller booke på http://www.feminafysioterapi.no 🙂
Effekt av bekkenbunnstrening hos overlevande av gynekologisk kreft.
Om ein har hatt kreft i underliv så er det ganske vanleg at ein og opplev bekkenbunns og seksuelle dysfunksjonar. Det er forska på kva som kan hjelpe denne pasientgruppa og kva som har effekt for å få ein betre kvardag. Det er fleire faktorar som spelar inn her. Ein har sett at det kan…
På flyttefot
Så var dagen komen der eg no har flytta frå Fyllinggården og inn til Plexus helse. Det er gøy og rart på same tid. Eg har kosa meg stort på Fyllinggården og hatt verdas beste utsikt og kjekke samarbeidspartnarar der, men no går altså vegen vidare til den kjekke gjengen på Plexus og ei draumeutsikt…
Forandring Fryder
Forandring Fryder seiast det og for meg så gjer det faktisk det😊 Framover blir det litt endring i åpningstider og kontorplass. Eg er så heldig at eg skal få vere seksjonsleiar for gynekologisk poliklinikk ved Ålesund Sjukehus i eit års tid og eg gler meg til å starte der allereie i morga. Da kvinnehelse og…
Underlivsprolaps
Prolaps er noko vi ofte assossierar med nakke og rygg, men ein kan og få det i underlivet. Underlivsprolaps er framfall av blære, livmor eller tarmar. Ein kjenner da ein kul/utbuling som kjem inn i skjeden eller ut av skjedåpninga. Nokre kan kjenne denne heile tida, medan andre kjenner det når dei trykker når ein…
Overgangar
I år har eg 3 flotte ungdommar som er ferdig med barnskule, ungdomsskule og vidaregåande. Det er stas. Dei er klare for nye eventyr og gler seg til sommarferien. Så veit dei at etter ferien skjer det noko nytt og spanande. Noko ukjend. Det har fått meg til å tenke litt på nettopp dette med…
Tilhøyrigheit
Å føle tilhøyrigheit vil seie at ein høyrer til ein plass. Ein plass det er godt å kome til. Ein trygg plass der ein er akseptert for den ein er. Sidebrok syng om det i songen Heimegut og Guro Sibeko skriv om det i diktet «Vår hær». Vi kan føle tilhøyrigheit til ein eller mange…


Legg igjen en kommentar