Nytt år og nye moglegheiter

Photo by Kaique Rocha on Pexels.com

Tenk det, no er det 2024. Eit år går jammen og meg fort. Eg har aldri hatt fokus på nyttårsforsett då eg trur at drastiske endringar sjeldan varer lenge. Det eg har tru på er at ein sett seg realistiske mål og jobbar målretta mot det. Det å endre vanar derimot treng ikkje å vere så drastisk. Ein har faktisk forska og funne ut at det tar 66 dagar for å danne ein ny vane og få den til å vare. Eg brukar nyttårsaften til å reflektere. Rundt nyttårsbordet har vi alltid ei runde der vi har fokus på kva vi har vore takksame for i året som har gått og kva vi gler oss til i året som kjem. Kanskje har du noko du ser fram til og kanskje har du satt deg eit mål for 2024. Ofte handlar det om å bestemme seg for kva ein ynskjer å oppnå og kvifor. Det å skrive ned kva som motiverar for å slutte eller begynne med ei ny vane er eit godt råd som går igjen. Det å lage ei påminning som dukkar opp på td mobilen er ikkje så dumt. Det viktigaste når vi skal endre vanar er å sette mål som ein klarer, og følge planen mot det. Det kan vere at du vil starte å trene eller kutte ut sukker og liknande. Sett deg da klare mål og lag ein plan for korleis du har tenkt å gjere det, og følg den planen. For å beholde motivasjonen og endre ei vane er det anbefalt at ein ikkje forandrar på meir enn ei uvane om gangen :) og ikkje minst er det anbefalt at ein gjer ting på nye måtar. Å bryte mønster kan gjere at ein bli meir bevisst på gamle vaner ein gjer heilt automatisk. I ein slik prosess så er det og viktig at ein belønnar seg sjølv for å nå målet sitt. Det å oppmuntre seg sjølv undervegs gjer at ein aukar sjangsen på å kunne gjennomføre ei endring. Ein annan ting som kan vere lurt er å avtale med ein annan person enten at den er med i å endre vanen saman med deg, eller at hen kan fungere som ein motivatør.

Og husk at det er heilt normalt å snuble litt av og til. Det gode da er at om ein mister litt motivasjon eller fell tilbake i den gamle vanen så er det som Alf Prøysen syng «du skal få ein dag i morra som rein og ubrukt står og med blanke ark og fargestifter tell»

Det eg ynskjer meg for 2024 er gøye aktivitetar. Eg har laga meg ei bucketliste over turar eg vil gå, hengekøyeovernattingar, badstu, supturar og bålkveldar med famile og gode vennar. Eg har og lage meg øvingar som eg kan gjere på stuegulvet som gir god effekt. Håpar du og har satt deg mål som gir deg aktivitet, ro og glede:)

Effekt av bekkenbunnstrening hos overlevande av gynekologisk kreft.

Om ein har hatt kreft i underliv så er det ganske vanleg at ein og opplev bekkenbunns og seksuelle dysfunksjonar. Det er forska på kva som kan hjelpe denne pasientgruppa og kva som har effekt for å få ein betre kvardag. Det er fleire faktorar som spelar inn her. Ein har sett at det kan…

På flyttefot

Så var dagen komen der eg no har flytta frå Fyllinggården og inn til Plexus helse. Det er gøy og rart på same tid. Eg har kosa meg stort på Fyllinggården og hatt verdas beste utsikt og kjekke samarbeidspartnarar der, men no går altså vegen vidare til den kjekke gjengen på Plexus og ei draumeutsikt…

Forandring Fryder

Forandring Fryder seiast det og for meg så gjer det faktisk det😊 Framover blir det litt endring i åpningstider og kontorplass. Eg er så heldig at eg skal få vere seksjonsleiar for gynekologisk poliklinikk ved Ålesund Sjukehus i eit års tid og eg gler meg til å starte der allereie i morga. Da kvinnehelse og…

Underlivsprolaps

Prolaps er noko vi ofte assossierar med nakke og rygg, men ein kan og få det i underlivet. Underlivsprolaps er framfall av blære, livmor eller tarmar. Ein kjenner da ein kul/utbuling som kjem inn i skjeden eller ut av skjedåpninga. Nokre kan kjenne denne heile tida, medan andre kjenner det når dei trykker når ein…

Overgangar

I år har eg 3 flotte ungdommar som er ferdig med barnskule, ungdomsskule og vidaregåande. Det er stas. Dei er klare for nye eventyr og gler seg til sommarferien. Så veit dei at etter ferien skjer det noko nytt og spanande. Noko ukjend. Det har fått meg til å tenke litt på nettopp dette med…

Tilhøyrigheit

Å føle tilhøyrigheit vil seie at ein høyrer til ein plass. Ein plass det er godt å kome til. Ein trygg plass der ein er akseptert for den ein er. Sidebrok syng om det i songen Heimegut og Guro Sibeko skriv om det i diktet «Vår hær». Vi kan føle tilhøyrigheit til ein eller mange…

Legg igjen en kommentar