
Om ein har ein hektisk eller roleg kvardag så vil eg slå eit slag for glede. Det å gjere noko som gledar kvar dag er viktig for god helse. Det vil jo variere frå person til person kva gledings er. For meg handlar glede om ein gøy dans på stuegulvet, flire og tøyse med familie og venar, spelekveldar, turar, god stemning, bølgesus og mykje meir. Det er ikkje alltid så mykje som skal til for at vi har noko å glede oss i, over eller til. Det blir sagt at glede handlar om å vere tilstades i livet når ein lev det, og at vi må fokusere på dei gylne øyblikka i kvardagen. Det å stoppe opp og reflektere litt over dette er nok ikkje så dumt. Dette har det blitt forska på lenge da ein ser gode helsegevinstar med å ha fokus på nettopp GLEDA.
Psykologiinstituttet i University of Pennsylvania har hatt fokus på dette i lang tid og har satt nokre øvingar som ein kan gjere for å få meir glede i kvardagen.
x Blessing excercise- Skriv ned 3 ting som gjekk bra i dag, og skriv kvifor dei gjekk bra
x Sett deg mål – Det å nå måla sine gir glede og meistringsopplevingar
x Finn fram positive motargument til dei negative tankane
I Noreg har psykolgisk institutt gjennomført ei forskning som heiter kvardagsglede. Den er bygd på tankar som forskningsmiljø i England, Australia og New Zeeland og stil ler seg bak. Dei kallar det 5 om dagen for sterke psykisk helse- eit folkehelsetiltak.
x Ver oppmerksam- Oppmerksomhetstrening betrar imunforsvaret vårt og gir auka glede. Ved å bli flinkare til å fokusere og ha fokus på det som skjer her og no kan det og redusere stress og forebygge depresjon
x Ver aktiv – Regelmessig aktivete gir auka livskvalitet. Fysisk aktivitet utløyse endorfin som aukar velvere og redusere stress. Vi veit og at fysisk aktivitet kan gi betre læring, søvn, husk og færre psykiske plager. Ikkje minst veit vi at fysisk aktivitet får tankane over på eit meir positivt spor, og kan gi meistring og overskot.
x Fortsett å lære. Visste du at læring endra hjerna. Nye spor i hjerna gjer at du kan bryte vanar og mønstre og ny kunnskap gir nye moglegheiter. Det seiast at livslang læring gir auka livskvalitet og motstandskraft
x Knytt bånd- Sosiale relasjonar er bra for di psykiske helse. Samle på gode folk rundt deg, og som du kan ha det kjekt saman med. Trygge relasjonar der ein kan snakke saman er viktig. Hold kontakta med venar og er det lenge sidan du har snakka med nokon så er kanskje dagen i dag ein god dag til å ta ein tlf. Og kjenner du på at du ikkje har venar så engasjer deg i politikken, idrett , velforening eller kor så aukar du moglegheita for å finne nokon du trivast å henge med.
x Gi- Livskvaliteten blir høgare når du har ei føling av meining og at du bidreg til samfunnet. Det å gi aktiverar områder i hjerna som er ansvarleg for lykke, belønning og velvære. Det å flytte oppmerksomheita vekk frå oss sjølv kan redusere negative tankar og stress. Sjekk gjerne ut psykiskhelse.no for å lese meir om Kvardagsglede.
For meg personlig er latter viktig. Vi veit at det vi trenar på blir vi betre i. Så eg har satt meg eit mål om meir fliring i kvardagen da det gir meg så mykje. Det er ikkje slik at eg er kjempegod på vitsar, men eg er god på sjå ein gøyal tiktoc, skremme nokon rundt meg, tøys og tull rundt middagsbordet, også får eg så uendeleg god følelse av å sjå på solnedgangen på Vigra. Finn ut kva som gledar deg og gjer meir av det. LUKKE TIL:)
På flyttefot
Så var dagen komen der eg no har flytta frå Fyllinggården og inn til Plexus helse. Det er gøy og rart på same tid. Eg har kosa meg stort på Fyllinggården og hatt verdas beste utsikt og kjekke samarbeidspartnarar der, men no går altså vegen vidare til den kjekke gjengen på Plexus og ei draumeutsikt…
Underlivsprolaps
Prolaps er noko vi ofte assossierar med nakke og rygg, men ein kan og få det i underlivet. Underlivsprolaps er framfall av blære, livmor eller tarmar. Ein kjenner da ein kul/utbuling som kjem inn i skjeden eller ut av skjedåpninga. Nokre kan kjenne denne heile tida, medan andre kjenner det når dei trykker når ein…
Overgangar
I år har eg 3 flotte ungdommar som er ferdig med barnskule, ungdomsskule og vidaregåande. Det er stas. Dei er klare for nye eventyr og gler seg til sommarferien. Så veit dei at etter ferien skjer det noko nytt og spanande. Noko ukjend. Det har fått meg til å tenke litt på nettopp dette med…
Tilhøyrigheit
Å føle tilhøyrigheit vil seie at ein høyrer til ein plass. Ein plass det er godt å kome til. Ein trygg plass der ein er akseptert for den ein er. Sidebrok syng om det i songen Heimegut og Guro Sibeko skriv om det i diktet «Vår hær». Vi kan føle tilhøyrigheit til ein eller mange…
Trening etter fødsel
Nokon er klare til å starte trening raskt etter fødsel, medan andre tenker ikkje på trening i det heile tatt. Barseltida er dei første 6 vekene etter fødsel eller den tida kroppen brukar på å tilpasse seg ein ikkje gravid tilstand. I det engelske språk kallar ein dette matrecence. Ordet beskriv den biologiske, psykologiske, fysiske,…
Treng vi å feire kvinnedagen framleis?
JA er mitt svar. Vi har kome langt i Noreg med tanke på likestilling, men framleis har vi ein veg å gå. Framleis er lønnsforskjellane store og kvinner blir ofte pensjonstaparar så det er klart at vi må fortsette å jobbe for at det ikkje skal vere slik. Ein rapport som kom i fjor…


Legg igjen en kommentar