Menstruasjonssyklus

Det var den greske legen Soranus (98-138) som var den første til å beskrive samanhengen mellom kvinna sin menstruasjonssyklus og sjansen for befruktning, men det var først i mellomkrigstida at forbindinga mellom menstruasjonssyklus, eggløysning og befruktningsmuligheter blei fullt ut forstått. Menstruasjonssyklusen har vore forska på innan medisin, biologi, reproduktiv helse og endokrinologi. Denne forskning har hjulpe oss til å få ei betre forståing av dei komplekse hormonelle, fysiologiske og psykologiske prosessane som er involvert i menstruasjonssyklusen. Det å sjå samanhengar mellom syklusen og endometriose, PCOS og menstruasjonssmerter synast eg er spanande, og ikkje minst korleis menstruasjonssyklusen påverkar kvinner si psykiske helse inkludert stemningsvariasjon, angst og depresjon, og korleis hormonelle prevensjonsmetodar fungerer på kroppen, og sist men ikkje minst korleis livsstil, søvn og stress påvirkar syklusen. Forskning rundt menstruasjonssyklus vil nok fortsette framover og det vil gi oss enda betra innsikt.

Det vi veit i dag er:

Menstruasjon startar i 11-14års alder og varar til kvinna er rundt 50 år +-. Menstruasjonssyklusen styrast av eit samspel mellom hormon som dannast i eggstokkane, i hypofysa og hypothalamus i hjerna. Ein gjennomsnittleg syklus varar i 28 dagar

Vi deler menstruasjonssyklusen inn i 3 fasar: Menstruasjon, Proliferasjonsfasa (Follikkelfasa) og Sekresjonsfasa (Lutealfasa).

Menstruasjonsfasa varar i 7 dagar. I denne fasa er det lavt nivå av hormona Østrogen og Progesteron. Ofte kan kvinna ha ømme bryst, oppleve kvalme, hodepine og oppblåstheit i denne perioden.

Etter menstruasjon kjem follikkelfasa, og den varar fram til eggløysinga. Her kjem det signal frå hypofysen som skill ut follikkelstimulerande hormon FSH. Folikkelcellene produserer det kvinnelege kjønnshormonet østrogen. Innen femte dag av menstruasjonssyklusen blir det skilt ut ein follikkel som skal utvikle seg til det egget som løsnar i eggløysinga. No har follikkelen blitt ca 2 cm i diameter og i midten ligg egget som er ca 0,6mm. I denne fasa aukar østrogennivået i blodet og hypofysa blir da aktivert til å slippe ut LH luteiniserande hormon LH og FSH. Det førar til eggløsyninga som skjer 1-2 døgn etter dette hormonsleppet. Det er ganske fasinerande korleis kroppen er laga til. I dagane før eggøysninga får kvinna meir energi og sexlyst, og sjølv utfloden blir meir sædvennleg. Her kjem og ei auke i testosteronnivået hos kvinna. Østrogen og progesteron er kvinnelege kjønnshormon som produserast i eggstokkane. Dei påverkar område i hjernea som regulerer følelsar og adferd samt at dei påverkar mengda av lykkehormon som vi har i kroppen. I menstruasjonssyklusens første halvdel produserast aukande mengder LH og Østrogen og nivåa er som sagt på topp like før eggløysning noko som gir auka energi og velvære.

Etter eggløysinga kjem lutealfasa. Kanskje har du høyrt om det gule legemet. Det er follikkelen utan egget som foldar seg saman. Det gule legemet produserer østrogen og progesteron, men produksjonen avtar 8-9 dagar etter eggløysinga og etter 13-15 dagar er den så lav at den ikkje klarer å støtte slimhinna i livmora lenger og menstruasjonen begynner. I menstruasjonssyklusen sin andre halvdel opplev mange kvinner PMS (premenstruelt syndrom) og det førar ofte til humørsvingningar, apetittendringar og oppblåstheit.

Østrogen påvirkar slimhinna i livmora og får den til å vekse. Progesteronet påvirkar slimhinna slik at ho blir i stand til å ta imot eit befrukta egg. Når hormonnivået synk i slutten av lutealfasa støtast slimhinna av og kjem ut saman med litt blod, menstruasjonen. Og syklusen gjentek seg som beskrive her.

Effekt av bekkenbunnstrening hos overlevande av gynekologisk kreft.

Om ein har hatt kreft i underliv så er det ganske vanleg at ein og opplev bekkenbunns og seksuelle dysfunksjonar. Det er forska på kva som kan hjelpe denne pasientgruppa og kva som har effekt for å få ein betre kvardag. Det er fleire faktorar som spelar inn her. Ein har sett at det kan…

På flyttefot

Så var dagen komen der eg no har flytta frå Fyllinggården og inn til Plexus helse. Det er gøy og rart på same tid. Eg har kosa meg stort på Fyllinggården og hatt verdas beste utsikt og kjekke samarbeidspartnarar der, men no går altså vegen vidare til den kjekke gjengen på Plexus og ei draumeutsikt…

Forandring Fryder

Forandring Fryder seiast det og for meg så gjer det faktisk det😊 Framover blir det litt endring i åpningstider og kontorplass. Eg er så heldig at eg skal få vere seksjonsleiar for gynekologisk poliklinikk ved Ålesund Sjukehus i eit års tid og eg gler meg til å starte der allereie i morga. Da kvinnehelse og…

Legg igjen en kommentar