Treng vi å feire kvinnedagen framleis?

JA er mitt svar. Vi har kome langt i Noreg med tanke på likestilling, men framleis har vi ein veg å gå.  Framleis er lønnsforskjellane store og kvinner blir ofte pensjonstaparar så det er klart at vi må fortsette å jobbe for at det ikkje skal vere slik.  

Ein rapport som kom i fjor slo fast at alle i Noreg skal ha likeverdige moglegheiter til god helse og livskvalitet. Vi veit at god helse er viktig for å meistre utfordringane i kvardagen og sikre god livskvalitet. Sjølv FN har det å sikre god helse og fremme livskvalitet som eit av sine sentrale berekraftsmål. I Noreg i dag er det behov for eit løft for kvinner si helse, og det er viktig at ein har fokus på heile kvinna. Både biologiske, sosiale og psykologiske forhald  påverkar helsa vår. Forskningsrådet har satt av 60 millionar kronar til forskning på kvinnehelse. 60 millionar høyrast utruleg mykje ut, men tenk alt som det skal forskast på. Eg håpar difor at forskinga framover har meir fokus på kvinnekroppen og at det blir satt av midlar til dette. Det som ofte er utfordringa er at mange kvinner ikkje snakkar høgt om sine utfordringar då det ofte er knytt tabu og skam til dei. Ordet tabu betyr at ein ikkje snakkar om det som er forbudt, urørleg eller unevneleg, medan ordet skam betyr å tildekke seg sjøv. Det vil sjølvsagt variere frå person til person, men ofte så føler ein seg aleine om si utfordring og vel difor å ikkje snakke om det. Underlivsproblematikk er gjerne eit slikt tema. Hos helsepersonell i Norge er det behov for meir kompetanse og kunnskap om underlivssmerte. Helseutvalet ser med stort alvor på manglande kunnskap om kroniske underlivssjukdommar og smertetilstandar i underlivet. Utvalet vurderer at denne pasientgruppa ikkje får eit godt nok tilbod i den offentlege helsetenesta . Dei fleste av desse kvinnene går til privat behandling og står for kostnaden sjølv. Nasjonal kompetanseteneste for inkontinens og bekkenbunnssjukdom seier at det ikkje er rutine for at kvinner blir spurt om funksjon knytt til avføring, vannlating eller seksualitet i oppfølging hos fastlege eller på helsestasjonen. Dette er for mange tabubelagde tema og mange kvier seg for å ta opp slike tema dersom det ikkje opnast opp for dette under konsultasjonen. I tillegg er dagens praksis slik at om funksjonelle plager blir identifisert blir kvinna ofte bedt om å vente opp mot et år for å sjå om tilstanden betrar seg, før tiltak vert igangsett. Det er heller ikkje rutine for at det settast opp kontroll etter at denne tida har gått . Det at det ikkje blir snakka om, gjer og at kvinner med underlivsproblematikk føler seg aleine. La oss slå eit slag for åpenheit og slå fast at det er mange som har underlivsproblematikk i Noreg i dag. Nokre har urininkontinens, medan andre har underlivsprolaps, eller smerteproblematikk, og veldig mange har fødselsskade. Mange kvinner har og store utfordringar når det gjeld overgangsalder. Vi veit i dag at bekkenbunnstrening, informasjon, råd og veiledning, hormonbehandling med meir er viktige fokusområde for desse kvinnene. La oss normalisere slike utfordringar som vi kan ha med kvinnekroppen, slik at dei som har utfordringar ikkje føler seg så aleine.

Det jobbast godt med fokus rundt psykisk helse, men framleis må vi ha enda meir fokus her. Vi veit at aktivitet er like effektivt som medisin. Tenk så fantastisk bra kroppen er skrudd saman. Når vi er i aktivitet så frigjer hjerna hormon som gir oss lykke og velvære. Visste du at om du prioriterar 1 time med fysisk aktivitet i kvardagen så har du investert 4% av døgnet til deg sjølv, og at den investeringa er særs viktig. Nyleg kom det ein artikkel som utfordrar oss og til å sette av tid i kvardagen til å berre vere. Det å tillate stillheit for å gi rom til refleksjon og avspenning har utruleg god effekt og eg anbefalar at vi alle gjer meir av det. Det å koble av frå hamsterhjulet og ha fokus på pust er viktigare enn vi trur. Kroppen vår treng både aktivitet og kvile, husk det.

Ikkje minst så håpar eg at vi framover har fokus på alt det gode kroppen vår kan gjere istadenfor korleis kroppen ser ut. Sjølv om vi ser ei auking i kroppspositivisme så viser tall at mange slit med sjølvbilete og sjølvkjensle. Det må vi ha fokus på. Ei studie av dei som undergjekk kosmetisk underlivsoperasjon i England var det 70% som var misfornøgd med eige underliv og difor ville gjennomføre operasjon. For meg er det difor viktig at vi aukar kroppspositivisme enda meir og hugsar på at det er ein grunn for at vi er forskjellige og at det skapar eit mangfald. Og kanskje difor synast eg det er trist når store kleskjeder flaggar at dei no vil fjerne store storleikar. Så JA ,vi har framleis mange aspekt det må jobbast for på kvinnedagen. Og akkurat i dag håpar eg du ser at du er fantastisk slik du er. Feir deg sjølv kvar dag og kanskje litt ekstra på kvinnedagen😊

Legg igjen en kommentar