Ny samtykkelov

I dag held Amnesty appell ved Stortinge  kl 18 angåande den nye samtykkelova. Dei meinar at Noregs valdtekstbestemming er for snever slik at vår rett til personlig integritet og seksuell sjølvbestemming manglar nødvendig vern. Dei meinar at valdtekstutsatte opplev ein grunnleggande mangel på rettstryggleik. Slagordet er den som tier samtykker ikkje- berre ja er ja. I Noreg er valdtekte eit omfattande samfunnsproblem og minst ein av fem kvinner oppgir å ha vore utsatt for valdtekt minst ein gong i løpet av livet. Det er få valdtekstsaker som blir anmeldt da behandlingstida er lang og nesten ingenss aker fører til domfelling.

Definisjonen av seksuelle overgrep er at eikvar seksuell handling utført mot nokon som ikkje gir eller er i stand til å gi sitt samtykke, der handlinga medfører subjektivt ubehag, smerte, frykt eller anna oppleving av krenking. Ser ein på overgrep mot barn viser metastudie at det ligg på 12-17% for jenter og 5-8% av gutar. Ei anna studie viste at ungdom mellom 13-18 år har 25% av jentene og 4-15% av gutar opplevd seksuelle krenkingar. Kripos sine tal frå 2019 viser 2263 anmeldingar av voldtekt. Hos vaksne er det estimert 8000-16000 valdtekstforsøk og ein ser at det er 9% kvinner og 1% menn som har vore utsatt for valdtekt ved tvang eller vald. I 2020 var det 6873 anmeldte seksuallovbrudd og 2234 valdtekter.  Det er mange mørketal i desse statestikkane då mange ikkje oppsøker helsevesen eller politi. Dixi sin brukarundersøking viser at det er kun 45% av tilfeller som blir anmeldt der 20% av desse blir domfelt.

Konsekvensane av valdtekt er mange. Det er både kortsiktige og langsiktige skadevirkningar. Det er ein auka risiko for eit bredt spekter av psykiske og somatiske problem som seksuelle problem, angstlidingar, depresjon, posttraumatisk stressliding, spiseforstyrring, søvnproblem, uspesifikke smerteproblematikk, funksjonelle mage/tarm problem, dissosiasjon, sjølvmordforsøk og sjølvmord. Lista over seinskadar og konsekvensar er mange. Vi veit og at gjennomsnittstida frå ein har opplevd eit overgrep til ein fortel om det er 17,2 år, og vi veit at det har store konsekvensar for den som blir utsatt. Ei studie der ein såg på overgrepsutsatte og arbeidsliv viste at 45% var uføretrygda, 18 % var utanom arbeidsliv, 25% var heiltidstilsette og 12% var deltidstilsette. Dette gir eit bilete på konsekvensar av overgrep.

I dag har vi gode oppfølgingstenester til dei som har blitt utsatt for seksuelle overgrep. Korleis utfallet etter eit seksuellt overgrep blir beror på ulike faktorar. Det handlar om medfødt og erverva motstandskraft, alder, modenheitsnivå, kognitiv og emosjonell utvikling, sjølvutvikling, støtte og omsorg frå familie og venner og helsevesen og behandlingsinstitusjonar og kva vi har opplevd tidligare. Ikkje minst beror det på sjølve overgrepet. På engelsk seier ein ikkje ein person som har opplevd seksuelle overgrep, men sexual abuse survivor. Det synast eg er eit fint begrep. Innanfor seksualitet snakkast det om positiv og negativ seksualitet. Det som er viktig etter eit overgrep er at ein og jobbar for den positive seksualiteten som har fokus på dei gode følelsane, nyting og lyst. Det handlar om meistring, sjølvbestemming og råderett over eigen kropp og seksualitet. Ikkje minst handlar det om vegen tilbake til livskvalitet, meistring og god helse.

Ein samtykkebasert valdtektsbestemming vil gi den som er utsatt for valdtekt ei betre rettstryggleik og samtidig vere eit viktig signal i det forebyggande arbeidet mot valdtekt. I Europa er det fleire land som har ei slik lov blant anna Hellas, Tyskland, England, Danmark og Sverige. I Sverige har antall valdteksanmeldingar auka med 75 prosent etter innføringa av samtykkelova i 2018. Det som er viktig å få fram er at med ei slik samtykkebasert valdtekstbestemming vil bevisbyrda i større grad påleggast antatt overgripar og ikkje antatt offer. Amnesty meiner det må vere fokus på at du må seie ja og ikkje berre ikkje sei nei. Grunnen for det er at den kroppslige reaksjonen vi får når vi blir utsatt for fare varierar. Nokre gjer motstand, medan andre frys og klarer ikkje å utagere når ein møtar fare.

Det skjer mykje haldningsarbeid i forhold til samtykke i dag både politisk og lokalt. Skulane og helststasjon for ungdom gjer ein viktig jobb her og har fokus, men det er og viktig at vi som samfunn bygger opp om denne haldningsendringa slik at overgrepsstatestikken kan endrast.

Oppfordringa mi i dag er å vise støtte. Er du i Oslo så møt opp på Stortinget kl 18 i dag eller signer oppropet på amnesty.no. Sjekk gjerne ut dinveiut.no og.

Legg igjen en kommentar