Tilhøyrigheit

Å føle tilhøyrigheit vil seie at ein høyrer til ein plass. Ein plass det er godt å kome til. Ein trygg plass der ein er akseptert for den ein er. Sidebrok syng om det i songen Heimegut og Guro Sibeko skriv om det i diktet «Vår hær».

Vi kan føle tilhøyrigheit til ein eller mange stadar. Ofte snakkar vi om tilhøyrigheit når det gjeld kultur, religion, etnisitet, seksuell orientering, kjønnsinkongruens, idrett og hobbyar. Det kan vere at ein har ulik ballast i ryggsekken og finn andre i likandes situasjonar som styrkar fellesskapsfølelsen og tilhøyrigheita. Nokre har tilhøyrigheit i venar og familie, medan andre finn det i ulike facebookgruppe eller organisasjonar. Det som er viktig er at alle treng å kjenne på tilhøyrigheit og tryggleik. Det seiast at alle treng å vere ein del av ein flokk og at det er viktig å bli sett av andre. Ingen definerer korleis den flokken er, den kan vere fysisk eller digital.  Dette gjeld oss alle. Vi vil ikkje ha eit samfunn der det er dei og oss, men eit samfunn der alle kan føle seg inkludert. Juni er månaden med fokus på mangfald. I media kan ein få inntrykk av at det er to polar, enten er du for pride eller så er du imot. Når eg les kommentarfelt i begge desse polane så tenker eg på kor respekten og medmenneskelegheita er. Vi kan godt vere uenig, men vi må behandle kvarandre med respekt og likeverd.  Forskning viser dessverre at dei av oss med transtalent har høgare tilfelle av angst, sjølvmord, depresjon, opplevd diskriminering, hat, vald og overgrep.  Dette er og tilfelle for fleire homofile, lesbiske og bifile. Slik kan vi ikkje ha det, vi må bli flinkare til rausheit og inkludering. I Noreg i fjor var det 693 som tok livet sitt . Det er 693 for mange. Det er ein aukande trend og vi må stoppe denne utviklinga. I helsevesenet må vi ha fokus på korleis vi møtar folk og at vi set psykisk helse på agendaen. I samfunnet må vi ha fokus på respekt. Dette gjeld og for dei som har ulike utfordringar i dagleglivet. Mange lev med smerte og sjukdommar som kan vere synlege og usynlege, nokre er i arbeidslivet og nokre er utanfor. Inkludering gjeld for alle. Alle er unike og alle er ulike. Mi oppfordring er å vise tilhøyrigheit med dei rundt deg. Ver eit medmenneske og gi eit smil til dei på din veg. Eg slår eit slag for godheit. Det er viktig det!

Legg igjen en kommentar