I år har eg 3 flotte ungdommar som er ferdig med barnskule, ungdomsskule og vidaregåande. Det er stas. Dei er klare for nye eventyr og gler seg til sommarferien. Så veit dei at etter ferien skjer det noko nytt og spanande. Noko ukjend. Det har fått meg til å tenke litt på nettopp dette med overgangar. Frå ungdom til ung vaksen, ung vaksen til foreldre, frå ung til midt i livet, frå midt i livet til før pensjonsalder, frå pensjonsalder til eldre. Alle desse overgangane fører og til endring. Nokre endringar tek vi imot med åpne armar, medan andre endringar er litt meir vanskelege å bli ven med. Det er noko med at alle fasar har sin sjarm, men kor flinke er vi til å nyte den tida vi er i? Eg kan ofte sjå på ungdomsbilete av meg sjølv og tenke at eg ser så tilfreds ut, men hadde ein spurt 19 årige meg så var der heilt truleg både sorg og bekymring sjølv om eg ikkje minnst det no. Kvar fase har sin sjarm. Har du tenkt over kva fase du er i? Lev du opp til det som er forventa av deg i denne fasen? Eller har du blitt flinkare til å sjekke inn med deg sjølv før du sjekkar inn med andre? Sjølv om vi som vaksne kanskje ikkje sluttar på skulen no i juni så har vi ferie. Det å få eit avbrekk frå kvardagens rutine til å kunne gjere noko heilt anna, gjer noko med oss. Nokre likar sol og varme, andre likar aktivitetar ja spennet er stort for kva vi tenker den perfekte ferie er. Eg personleg trur ikkje den perfekte ferie er ein plass. Eg trur den perfekte ferien er ferien der ein kan sette seg sjølv i førersete og tenke- kva er viktig for meg? Kva ynskjer eg å få ut av desse dagane som ligg klare til å bli brukt? Så er det jo slik at om ein er ein del av ein familie så må ein inngå kompromiss. Alle i familien kan ikkje få alle ønsker oppfylt, men om alle får noko så er det bra. Så overgangar har vi egentlig heile tida. Vi går frå ein ting til noko anna. Tenk over kor du er, korleis du har det, og kva du kan gjere framover som gir livsglede. SoMe florerer med informasjon over den perfekte ferie. Eg trur den perfekte ferie er den ferien der vi gjer ting som gir oss glede. Pass på å gjere det beste ut av det du har. Ha fokus på på kva som gjer deg gla, kva du får energi av, ver i aktivitet og samle på gode øyblikk. Sjølv om ein tenker at ein har alverdas tid før kvardagen kjem i gjen så hugs å stopp litt opp. Plutseleg er den over og du kjem i ein ny overgang😊
Eg har åpent fram til 15 juli. Skulle du trenge ein time før det er det berre å ta kontakt😊


Legg igjen en kommentar