Underlivsprolaps

Prolaps er noko vi ofte assossierar med nakke og rygg, men ein kan og få det i underlivet. Underlivsprolaps er framfall av blære, livmor eller tarmar. Ein kjenner da ein kul/utbuling som kjem inn i skjeden eller ut av skjedåpninga. Nokre kan kjenne denne heile tida, medan andre kjenner det når dei trykker når ein må på toalettet. Det er ca 3-30% som har underlivsprolaps. Det er og veldig vanleg å ha ei grad av underlivsprolaps etter ein fødsel. Mange som får underlivsprolaps synast dette er skummelt og at det kan vere vanskeleg å snakke om.

Den gode nyheita er at om ein har ei mild grad kan underlivsprolaps spontant bli betre typisk etter ein fødsel. Hos nokon vedvarar dette og da må ein gjere styrketrening av bekkenbunnsmuskulaturen. Det er det konservative tiltaket som har best dokumentert effekt, og det er no ei internasjonal einigheit om at dette skal utførast før ein eventuelt blir vurdert for operasjon.

Mange synast det kan vere vanskeleg å vite om ein gjer styrketrening rett. Når du skal styrke bekkenbunnen din så skal du trekke saman og løfte opp urinrør, skjede og endetarm. Hald opp til 10 sekund, og gjenta 8-12 repetisjonar. Dette skal du gjenta 3 gongar pr dag i 4-6 månadar. Dette er kroppens supermusklar og dei treng at ein har fokus når ein gjer desse øvingane. Mange strammar rumpe, lår og mage når dei strammar bekkenbunnsmuskulaturen. Prøv å berre stramme bekkenbunn og slapp av i muskulaturen rundt. Synast du det er vanskeleg så ta kontakt for veiledning og råd eller ein undersøkelse av styrken på bekkenbunnsmuskulaturen din. Mange synast det er vanskeleg å forhalde seg til underlivet når dei får underlivsprolaps. Ta kontakt med kvinnehelsefysioterapeut i ditt område då dette er noko dei har fokus på.

Andre ting du kan gjere er å trekke saman bekkenbunnsmuskulatur før du løftar, hostar eller nys. Unngå å trykke nedover når du sit på toalettet, trener eller løfter. Unngå forstopping. Ha fokus på eit balansert kosthald, nok drikke og ver fysisk aktiv. Og hugs at du er ikkje aleine om dette. Underlivsprolaps er noko mange har hatt. Ha fokus på styrketrening av bekkenbunnsmuskulaturen, fysisk aktivitet og er du usikker så ta kontakt med kvalifisert fysioterapeut. Ynskjer du meir informasjon sjekk gjerne ut denne nettsida. Lykke til:)

Legg igjen en kommentar