Forandring Fryder

Forandring Fryder seiast det og for meg så gjer det faktisk det😊 Framover blir det litt endring i åpningstider og kontorplass. Eg er så heldig at eg skal få vere seksjonsleiar for gynekologisk poliklinikk ved Ålesund Sjukehus i eit års tid og eg gler meg til å starte der allereie i morga. Da kvinnehelse og bekkenbunn er noko eg brenn for så vil eg framleis ha Femina fysioterapi, men eg flyttar no inn til den kjekke gjengen på Plexushelse og du blir å finne meg der frå 1.september. I august vil eg vere på kontoret på Valderøya. Eg vil framleis og ha forsikringspasientar.

Åpningstidene mine framover blir litt annleis og eg vil ha opent onsdagar 16.30-20.30 og laurdagar 10-15.

Eg vil og begynne med seksologisk rådgivning til enkeltindivid eller par om det skulle vere interessant for deg.

Dette trur eg blir super bra og eg gler meg til desse endringane😊 Det er noko med endring som kan virke både skummelt og spanande på ei og same tid, men eg har ein god følelse for dette. Skulle du lure på noko så ring eller send meg ei melding😊

Legg igjen en kommentar