På flyttefot

Så var dagen komen der eg no har flytta frå Fyllinggården og inn til Plexus helse. Det er gøy og rart på same tid. Eg har kosa meg stort på Fyllinggården og hatt verdas beste utsikt og kjekke samarbeidspartnarar der, men no går altså vegen vidare til den kjekke gjengen på Plexus og ei draumeutsikt til Brosundet. Dette trur eg blir kjekt. Dette året blir eit litt annleis år for meg då eg skal få lære mykje på gynekologisk poliklinikk ved Ålesund sjukehus og samtidig få bli kjend med ein kjekk gjeng på Plexus og møte gamle og nye pasientar. Eg brenn for faget mitt og gler meg til nye utfordringar, og tenker framleis at fokuset rundt bekkenbunn må aukast. Alt for mange går med smerter og har ulike utfordringar med underlivet sitt. Det ynskjer eg å gjere noko med. Det blir litt annleis åpningstid dette året, men eg håpar at mange vil ta turen på onsdagar mellom 16.30 og 21 og laurdagar i partallsveke frå 10 til 15. No når eg flyttar inn til Plexus vil eg framleis kunne ta forsikringspasientar vidare. Eg utvidar og repertoaret mitt og vil og tilby seksologisk rådgivning til enkeltindivid og par. Det blir spanande. Eg har lært mykje og kjem til å lære meir i studiet mitt ved Universitetet i Agder og eg kjenner på ei takknemlegheit at eg får halde på med noko som eg har stor tru på.

Legg igjen en kommentar