Effekt av bekkenbunnstrening hos overlevande av gynekologisk kreft.

Om ein har hatt kreft i underliv så er det ganske vanleg at ein og opplev bekkenbunns og seksuelle dysfunksjonar. Det er forska på kva som kan hjelpe denne pasientgruppa og kva som har effekt for å få ein betre kvardag. Det er fleire faktorar som spelar inn her. Ein har sett at det kan vere nyttig å auke kunnskap rundt bekkenbunn og seksualitet pluss at ein jobbar aktivt med bekkenbunnstrening. Når vi aukar kunnskapen vår rundt eigen kropp og lærer om funksjon og kva vi kan gjere for å betre kvardagen vår så viser det seg at det er nyttig. Det er estimert at det er ca 15-16% som får kreft i underlivet og dei vil ofte utvikle symptom på bekkenbunnsmuskulatur og seksualdysfunksjon grunna kreften og behandlinga. Det kan innebere at ein fjernar livmor, eggstokkar samt stråling og cellegift som kan påvirke vevet i bekkenbunnsmuskulaturen. For kreftoverlevande er det opptil 76% som har urininkontinens, 34% har analinkontinens, 58% har smerte ved samleie, 17% har underlivsprolaps og heile 75% har ein seksuell dysfunksjon. Alle desse problematikkane kan påvirke livskvaliteten og den psykiske helsa vår. Vi må snakke meir om dette ! Ofte føler ein seg aleine og snakkar lite om dette. På den eine sida er ein glad for å vere ein kreftoverlevar, men på den andre sida har det gått utover livskvaliteten. Det treng ikkje å vere slik. Det fins hjelp til dei som ynskjer det, der fokuset er på livskvalitet, glede, trening og seksualfunksjon.

Behandlingar som aukar kunnskapen rundt funksjonane i underlivet som blære, tarm, vaginal, seksuell og psykologiskfunksjon, livskvalitet og bekkenbunnsfunksjon kombinert med bekkenbunnstrening har god effekt. Sjølvsagt i kombinasjon med hormonoppfølging. At det er fleire faggrupper som samarbeidar er og eit pluss. Det at kombinasjonen mellom læring og fokus på bekkenbunn viser seg å vere effektivt er sjølvsagt god lesing for meg. Håpar det var det for deg og:). Ta gjerne kontakt om du ynskjer å vite meir om dette temaet.

Legg igjen en kommentar