Stikkord: smerte
-
På flyttefot

Så var dagen komen der eg no har flytta frå Fyllinggården og inn til Plexus helse. Det er gøy og rart på same tid. Eg har kosa meg stort på Fyllinggården og hatt verdas beste utsikt og kjekke samarbeidspartnarar der, men no går altså vegen vidare til den kjekke gjengen på Plexus og ei draumeutsikt…
-
Tilhøyrigheit

Å føle tilhøyrigheit vil seie at ein høyrer til ein plass. Ein plass det er godt å kome til. Ein trygg plass der ein er akseptert for den ein er. Sidebrok syng om det i songen Heimegut og Guro Sibeko skriv om det i diktet «Vår hær». Vi kan føle tilhøyrigheit til ein eller mange…
-
Treng vi å feire kvinnedagen framleis?

JA er mitt svar. Vi har kome langt i Noreg med tanke på likestilling, men framleis har vi ein veg å gå. Framleis er lønnsforskjellane store og kvinner blir ofte pensjonstaparar så det er klart at vi må fortsette å jobbe for at det ikkje skal vere slik. Ein rapport som kom i fjor…
-
Endometriose + Trening= Sant

Endometriose er ein godarta gynekologisk sjukdom der celler som liknar livmora sine slimhinne befinn seg utanfor livmora. Endometriose rammer opp mot 10% av alle kvinner. Ofte har ein symptom som menstruasjonssmerter, kroniske bekkensmerter og muskel og skjelettlidingar. Endometriose er vanlegvis lokalisert rundt eggstokkane, eggleiarane, utsida av livmora og bukhinna. I livmorveggen kan og forandringar sjåast…
-
Kva er smerte og korleis leve med den?

«Smerte er ei ubehagleg sensorisk og emosjonell oppleving som følge av faktisk eller potensiell vevsødelegging. Smerte er alltid subjektivt. Smerte er eit samansett fenomen som styrast av fysiske, psykiske, sosiale, kulturelle og eksistensielle forhald». Kroppen vår fungerar som eit maskineri og nokre gongar er det noko som skjer i hjerna, nervebane eller i vev som…
-
Halebeinsmerter

Visste du at halebeinet kan skadast ved t.d fall eller fødsel? Mange som har bekkenleddproblematikk har faktisk halebeinsmerter. Halebeinet er ei forlenging av bekkenet, og er ein trekanta liten knokkel som dannar avslutninga på ryggsøyla vår. Det ser nesten ut som eit litt krumma nebb til ein gjøkunge. Halebeinet fungerer som ei vektstang i bekkenbunnen…
