
Prostakreft rammar 1 av 6 menn. Det er 5 500 nye tilfelle årleg og er den kreftforma som rammar flest menneske i Noreg kvart år. Håpet er at PSA test skal bli ei fast rutine slik at ein lettare kan fange opp dei med prostatakreft. Mange som har utført prostataektomi får urininkontinens, og ein har difor sett på viktigheita av å trene bekkenbunnsmuskulatur for å redusere dette, og at det er viktig å starte raskt opp med trening etter prostataektomi. Det blir og anbefalt at ein startar med bekkenbunnstrening før operasjon. Det er mykje forskning som skjer med tanke på bekkenbunnstrening, urininkontinens, seksualfunksjon og livsglede etter prostataektomi. Har du noke spørsmål så er det berre å ta kontakt.

Effekt av bekkenbunnstrening hos overlevande av gynekologisk kreft.
Om ein har hatt kreft i underliv så er det ganske vanleg at ein og opplev bekkenbunns og seksuelle dysfunksjonar. Det er forska på kva som kan hjelpe denne pasientgruppa og kva som har effekt for å få ein betre kvardag. Det er fleire faktorar som spelar inn her. Ein har sett at det kan…
På flyttefot
Så var dagen komen der eg no har flytta frå Fyllinggården og inn til Plexus helse. Det er gøy og rart på same tid. Eg har kosa meg stort på Fyllinggården og hatt verdas beste utsikt og kjekke samarbeidspartnarar der, men no går altså vegen vidare til den kjekke gjengen på Plexus og ei draumeutsikt…
Forandring Fryder
Forandring Fryder seiast det og for meg så gjer det faktisk det😊 Framover blir det litt endring i åpningstider og kontorplass. Eg er så heldig at eg skal få vere seksjonsleiar for gynekologisk poliklinikk ved Ålesund Sjukehus i eit års tid og eg gler meg til å starte der allereie i morga. Da kvinnehelse og…

Legg igjen en kommentar