Kva gjer ein fysioterapeut som jobbar med kvinnehelse og bekkenbunn

Fysioterapeutar jobbar med kropp og beveging for å fremme god helse. Ein fysioterapeut forebygg og behandlar skadar og sjukdommar som gir smerter og nedsatt funksjon i muskel og skjelettsystemet. Behandlinga er basert på undersøking og vurdering av pasienten sitt problem og kva pasienten sjølv ynskjer hjelp til. Målet er at pasienten kan utvikle , gjenvinne eller halde ved like funksjonsevne, utnytte eigne ressursar og bidra aktivt i å betre eigen helse. Fysioterapifaget rommar utfordringar til heile kroppen og gjeld for alle aldersgrupper. Innanfor fysioterapifaget kan ein spesialisere seg innan ulike greiner. Faggruppa for kvinnehelse som eg er ein del av jobbar aktivt inn mot kvinnehelse og har gjort det sidan 1967. Tradisjonelt har fokuset vore på fysioterapi i svangerskap, fødselsforeberedande, barseltid og gynekologi. og har dei seinare åra vore opptatt av kvinnehelse gjennom heile livet. Bekkenbunnen sin funksjon står som eit sentralt tema for fysioterapeutar som jobbar innan kvinnehelse. Eg får ofte spørsmål frå pasientar som lurar på korleis vi jobbar. Det som er viktig er at ein har ein god og tillitsfull relasjon til fysioterapeuten der fokuset er at du skal lære meir om kroppen og funksjonen til bekkenbunn. Vi tar ei undersøking først for heile kroppen og ser på holdning, pustemønster, gangfunksjon med meir. Om problemet gjeld bekkenbunn, halebein, urin eller avføringslekkasje så tar vi ein vaginal eller anal undersøking der fokuset er å finne ut smertepunkt, muskelspenningar, muskelkraft eller nedfall av blære, livmor eller tarm. Pasienten får da veiledning i korleis ein skal ta ein god kontraksjon og vi lagar ein plan utifrå den vaginale/anale undersøkinga. Oppfølginga vil sjølvsagt variere utifrå kva problemområdet er. Når det gjeld urinlekkasje går ein gjerne gjennom tips og råd for blæretrening, hjelpemiddel og stryketrening som kan hjelpe. Det er viktig å hugse på at dette og gjeld for menn. For dei med høgt spenningsmønster går ein gjennom avspenningsteknikkar, hjelpemiddel og styrketrening. Bekkenbunnsmuskulaturen er ei fasinerande muskelgruppe, men som mange kanskje ikkje tenker så mykje på før ein har utfordringar. Eg som fysioterapeut synast det er utrulig spanande med nettopp denne muskelgruppa da ein ser ofte store framsteg i løpet av behandlinga. For å få effekt må ein ha fokus på styrketrening og ta til seg tips og råd. Ein seier ofte at 3-6 mnd er perioden ein må sette av for å sjå effekt. For mange ser ein ei god betring i denne perioden. Hos andre er kanskje skada større og ein må ta ein operasjon for å få det betre, men det veit ein først etter at ein har prøvd å styrke bekkenbunnen. i bekkenbunnen er det eit intrikat samspel av blodforsyning, nervar og muskulatur og ikkje minst kan hormonnivå og spele ei stor rolle. Mange kan kvie seg litt til undersøking, men det er ingen ting å kvie seg til. Det er ei skånsom undersøking og behandling og pasienten er i fokus. Skulle du ha nokre spørsmål er det berre å ta kontakt, og har du ikkje nokre utfordringar så håpar eg at du tek med deg styrketrening av bekkenbunnen i kvardagen:)

Effekt av bekkenbunnstrening hos overlevande av gynekologisk kreft.

Om ein har hatt kreft i underliv så er det ganske vanleg at ein og opplev bekkenbunns og seksuelle dysfunksjonar. Det er forska på kva som kan hjelpe denne pasientgruppa og kva som har effekt for å få ein betre kvardag. Det er fleire faktorar som spelar inn her. Ein har sett at det kan…

På flyttefot

Så var dagen komen der eg no har flytta frå Fyllinggården og inn til Plexus helse. Det er gøy og rart på same tid. Eg har kosa meg stort på Fyllinggården og hatt verdas beste utsikt og kjekke samarbeidspartnarar der, men no går altså vegen vidare til den kjekke gjengen på Plexus og ei draumeutsikt…

Forandring Fryder

Forandring Fryder seiast det og for meg så gjer det faktisk det😊 Framover blir det litt endring i åpningstider og kontorplass. Eg er så heldig at eg skal få vere seksjonsleiar for gynekologisk poliklinikk ved Ålesund Sjukehus i eit års tid og eg gler meg til å starte der allereie i morga. Da kvinnehelse og…

Underlivsprolaps

Prolaps er noko vi ofte assossierar med nakke og rygg, men ein kan og få det i underlivet. Underlivsprolaps er framfall av blære, livmor eller tarmar. Ein kjenner da ein kul/utbuling som kjem inn i skjeden eller ut av skjedåpninga. Nokre kan kjenne denne heile tida, medan andre kjenner det når dei trykker når ein…

Overgangar

I år har eg 3 flotte ungdommar som er ferdig med barnskule, ungdomsskule og vidaregåande. Det er stas. Dei er klare for nye eventyr og gler seg til sommarferien. Så veit dei at etter ferien skjer det noko nytt og spanande. Noko ukjend. Det har fått meg til å tenke litt på nettopp dette med…

Tilhøyrigheit

Å føle tilhøyrigheit vil seie at ein høyrer til ein plass. Ein plass det er godt å kome til. Ein trygg plass der ein er akseptert for den ein er. Sidebrok syng om det i songen Heimegut og Guro Sibeko skriv om det i diktet «Vår hær». Vi kan føle tilhøyrigheit til ein eller mange…

Ny samtykkelov

I dag held Amnesty appell ved Stortinge  kl 18 angåande den nye samtykkelova. Dei meinar at Noregs valdtekstbestemming er for snever slik at vår rett til personlig integritet og seksuell sjølvbestemming manglar nødvendig vern. Dei meinar at valdtekstutsatte opplev ein grunnleggande mangel på rettstryggleik. Slagordet er den som tier samtykker ikkje- berre ja er ja.…

Trening etter fødsel

Nokon er klare til å starte trening raskt etter fødsel, medan andre tenker ikkje på trening i det heile tatt. Barseltida er dei første 6 vekene etter fødsel eller den tida kroppen brukar på å tilpasse seg ein ikkje gravid tilstand. I det engelske språk kallar ein dette matrecence. Ordet beskriv den biologiske, psykologiske, fysiske,…

Trening i svangerskapet.

Mange av mine pasientar som er gravid lurer på korleis dei kan trene i svangerskapet. Det florerar av ulike råd og tankar om nettopp dette temaet. WHO anbefalar 150-300 minutt med moderat til intens aktivitet i veka hos vaksne personar, samt at ein reduserar stillestitting med kvardagsaktivitetar. Når det gjeld trening i svangerskapet må ein…

Treng vi å feire kvinnedagen framleis?

JA er mitt svar. Vi har kome langt i Noreg med tanke på likestilling, men framleis har vi ein veg å gå.  Framleis er lønnsforskjellane store og kvinner blir ofte pensjonstaparar så det er klart at vi må fortsette å jobbe for at det ikkje skal vere slik.   Ein rapport som kom i fjor…

Menstruasjonssyklus

Det var den greske legen Soranus (98-138) som var den første til å beskrive samanhengen mellom kvinna sin menstruasjonssyklus og sjansen for befruktning, men det var først i mellomkrigstida at forbindinga mellom menstruasjonssyklus, eggløysning og befruktningsmuligheter blei fullt ut forstått. Menstruasjonssyklusen har vore forska på innan medisin, biologi, reproduktiv helse og endokrinologi. Denne forskning har…

Glede

Om ein har ein hektisk eller roleg kvardag så vil eg slå eit slag for glede. Det å gjere noko som gledar kvar dag er viktig for god helse. Det vil jo variere frå person til person kva gledings er. For meg handlar glede om ein gøy dans på stuegulvet, flire og tøyse med familie…

Sunt og usunt stress

Du har kanskje hørt om at stress ikkje er så bra, men det finns både sunt og usunt stress. Kanskje har du hatt ein frist på jobb og stressar for å bli ferdig. Stress kan hjelpe oss i å bli meir produktive, men det blir usunt om vi er i stressberedskap heile tida. Nokre av…

Nytt år og nye moglegheiter

Tenk det, no er det 2024. Eit år går jammen og meg fort. Eg har aldri hatt fokus på nyttårsforsett då eg trur at drastiske endringar sjeldan varer lenge. Det eg har tru på er at ein sett seg realistiske mål og jobbar målretta mot det. Det å endre vanar derimot treng ikkje å vere…

God Jul

For meg er jula forbundet med hygge, kos, familie og vener. Eg gler meg over at det er litt kvit snø utanfor og at vi skal ha nokre dagar med eit avbrekk frå kvardagslivet. Slik er det desverre ikkje for alle. Sunnmørsposten skriv at 45% av menneske i Møre og Romsdal grur seg ekstra til…

Overgangsalder

Kanskje har du høyrt sitatet : » Menstruation, Menopause, Mental Breakdowns all starts with men. Its funny how all womens problem begin with men». No er eg usikker om dette stemmer, men det som stemmer er at gjennomsnittsalderen for overgangsalder er 52.9 år i Noreg. Hos nokre kan det vere mellom 40-45 år, og 2%…

Menn og urinlekkasje

Nokre menn brukar lang tid før dei tar opp intimeproblem med helsepersonell. Reform har fokus på at menn skal bli flinkare til å ha fokus på eigen helse. Reformundersøkinga frå 2020 viste at 15% av menn ikkje har noko å betru seg til i familien, og at 24% av menn ikkje har venar å betru…

Graviditet og bekkenleddsmerter

Gleda over to strek på graviditetstesten er ofte stor. Ei endring skal skje både på familieplanet men og i eigen kropp. Nokre har eit supert svangerskap utan plagar, medan andre har ei eller fleire plagar. Bekkenleddsmerte går ofte igjen som ei plage, og det er ca halvparten av alle gravide som opplever rygg og bekkensmerter…

Legg igjen en kommentar